Stryn
Nedrebergtunet i Stryn er eit levande kulturhistorisk museum – for kortare besøk, men også ein stad ein kan overnatte og vere lenge. – Det er viktig å ha ei levande kulturformidling og vise dette til andre, seier Torild Mikalsen Nedreberg som tek imot oss i nordfjordstova frå 1865.
Amund og Hans
Den gamle slektsgarden har dokumentert busetnad tilbake til 1400-talet. Torild er sjølv oppvaksen på Grodås i Hornindal, og Nedrebergtunet er mannen Amund sin slektsgard. Her har dei heitt Amund og Hans i 14 generasjonar tilbake til 1700-talet. Sju av dei er det bilde av på veggen i stova.
Sjølv fekk Torild interessa for gamle hus og kulturhistorie nærast i dåpsgåve:
– Brua-Borghild i Hornindal var gudmora mi, og det kjekkaste eg visste var å vere i den gamle stova hennar og sjå på ting.
Gudmora hadde ei liknande stove, og lite visste Torild den gong om at ho sjølv skulle få vidareformidle kulturhistorie, til folk både frå inn- og utland.
Reiseliv er ho heller ikkje ukjend med, sidan ho er oppvaksen med kafé i barndomsheimen og Raftevolds hotel som næraste nabo.
Verne
Husa i Nedrebergtunet er rekna som verneverdige, men har ikkje status som freda eller verna. Det gjer at dei har fått bygge på og modernisert litt friare, men dei har likevel vore tru mot tradisjonen.
Siste åra har eigarane restaurert både nordfjordstova, nystova og matstova eller «mastova» som ein seier i Nordfjord. Også låven er teken vare på, medan fjøsen ikkje var råd å berge. I tillegg til gardshusa er det gamle skulehuset på Bergsida blitt ein del av tunet. Skulen frå 1890-åra var i bruk til 1963.
Ikkje kjøken
Nordfjordstova var bygd med ljore i taket. Skorsteinen er komen til etterpå.
Det som no er blitt ei staseleg stove, var opphavleg fylt med senger langsetter veggene.
– Om vinteren kokte dei også i dette rommet. Dei hadde ikkje kjøkken. Om sommaren kokte dei i mastova. Folk tykte denne skikken var grei, trur Torild.
På øvstelemen i nordfjordstova hang det i si tid salta fisk og kjøt til tørk. Der er det no soverom. Bestestova var i nystova, bygd i 1850. Men der var ikkje omn, så stova var berre til sommarbruk.
Skulle visst meir
Dagens eigarar veit mykje om husa og skikkane der, men skulle gjerne visst meir om det som var før husa blei bygde. Eldre folk i grenda hugsar enno legdekjerringa Synnøve som døde i 1935.
– Ho var ti år då nystova blei bygd og 25 då hovudhuset kom opp. Ho visste kva hus som var her før, men sa ikkje noko og ingen spurde, fortel Torild, som ei påminning om at ein må spørje dei som hugsar, før det er for seint.
I 2001 var nordfjordstova ferdig restaurert. Sidan den gong har eigarane sett i stand eitt og eitt hus.
I tillegg til husa i tunet, har garden sel på Holsetra og naust ved fjorden.
– Garden strekkjer seg frå fjorden og i ei stripe oppover til fjellet, fortel Torild.
På setra er alt som det var i farne tider, men også det blir brukt til utleige. Enkelte turistar vil gjerne ha det slik – med utsikt rett til ein foss frå utedoen.
I nordfjordstova er det meir komfort, sjølv om det gamle er teke vare på. Også her kan folk bu og styre seg sjølv. Elles er stova i bruk til alle typar selskap, eventyrstunder, strikkekafear, bokkveldar, kurs og mykje, mykje meir.
Tradisjonskost
Dei som kjem til gards kan også få servert tradisjonskost, som anten blir laga på garden eller er catering.
– Vi serverer tradisjonskost og lagar det folk vil ha, seier Torild og legg til at det går mykje i kaffi, kaker, sveler og lefse.
Til middag er sosekjøt populært.
– Vi serverer også smørbrødkake. Det er mitt bidrag til å utvide tradisjonskosten, seier ho og fortel at oppskrifta kjem frå hennar svenske del av familien.
Museum
Husa i Nedrebergtunet har historie i seg sjølv, men er også fylte med mange gamle ting.
I tilbygget til nystova har dei laga eige gardsmuseum. Over 100 åkle er samla her. Nokre av dei svært gamle. Her er forkle, dukar rokkar, reiskap, kjøkkenutstyr og bilde. Ei gammal hardangerdrakt som har vore i bruk i Toril sin familie er stilt ut, saman med sko dei fann i grunnen då husa blei restaurerte.
Også skulehuset er museum. Her er kulerammer, plansjar og kart frå lenge før kalkulator og internett var funne opp. Dei jobbar også med å få på plass ei stor samling bøker.
Det er ikkje få kroner og arbeidstimar som er lagt ned ved Nedrebergtunet.
– Eg gjer dette fordi det er kjekt og fordi eg er interessert i det, seier Torild som til dagleg er rådgjevar ved Stryn vidaregåande skule.
På garden har dei i fleire år også drive med hestar.
Ein gong sa ein kollega til henne at hestehaldet ikkje kunne løne seg.
– Då svarte eg at sydenturar løner seg heller ikkje, smiler ho.
Den store interessa for kulturhistoria har vore drivkrafta, men Torild trekkjer også fram ansvaret for etterslekta:
– Det er eit stort ansvar. Vi er nøydde til å ta vare på kulturarven. Og vi må ha det i orden til neste generasjon, viss dei er interessert i å ta over.
