Aukra
Desse orda har eg frå Per Jarle Heggdalsvik, NRK-journalisten frå Otrøya som gjennom mange år har gledd oss med sine mange naturfilmar. No skal det prøvast ut. Vi har fått med oss jeger, sauebonde og naturmann Leif Monsen. Ein kveld i midten av mai er vi på veg opp lia ute ved Julsundet. Kva vi skal? Det får kvelden, lyset, mørkret, småfuglane, orrhanen og Leif Monsen vise.
Roleg kveldstur. Vi stoppar for å nyte utsynet mot Julsundet og Otrøya, og nyttar høvet til å få dei to naturkjennarane til å utdjupe korleis ein kan oppleve naturen og dyrelivet:
– Gå gjerne ut når dei andre er ferdig med trimturen og skal heim for å ete middag. Då stilnar det i naturen. Dyra vågar seg fram når menneska går heim, seier Per Jarle.
– Ja, og så må du ikkje haste av garde for å kome lengst mogleg på kortast mogleg tid. Vi du oppleve naturen må du stoppe, og sitje stille. Lenge. Då høyrer du fuglesongen. og kanskje kjem det eit rådyr, ein rev eller ein hjort forbi, legg Leif til.
Langs stien ser vi kvitveis og auriklar. Våren kom seint i år, men no kjem alt på ein gong.
– Sjå der, seier Leif og peikar. Store, runde parlar fortel oss at her har elgen halde til.
– Vil du oppleve noko meir enn å vere på trimtur, må du observere og bruke sansane, seier Leif. Han bøyer seg ned, løftar på lynget og viser oss avføring frå orrfugl.
– Orrfuglane sit rundt om i skogen her og ventar på kvelden. Dei livnar nok til når sola kjem lågare på himmelen, skal du sjå, seier han.
Leif Monsens rike. Vi er ferdig med den bratte delen av stien. No går det flatt innover til den vesle hytta til Leif. Vi har vore på tur ein knapp time med fleire pausar, men eg har likevel ei kjensle av å ha reist langt og kome til ein stad langt borte.
– Ja, dette er landskapet mitt. Her har eg gått sidan eg var liten gut. Eg høyrer til her, seier Leif. Han tek handa ned i ryggsekken og smiler lurt.
– No skal de få smake noko godt, seier han, legg eit dyrelår på bordet og skjer opp fine skiver med tollekniven . Dette er då ikkje sau?
– Sau, nei. Dette er spikjekjøt av rådyr, seier Leif.
Vi nyt det saftige og akkurat passe salte kjøtet, som viser seg å vere forretten. Seinare, rundt leirbålet, serverer Leif elgkjøt, så mørt og godt at ingen urban gourmetkokk kunne servert det betre.
Skjer det noko? Sola nærmar seg havflata og kveldslyset legg varme farger på naturen rundt oss. Vi ventar på det som skal vere høgdepunktet på turen. Leif og Per Jarle rettar kikkertane sine mot ein åskamm nokre hundre meter frå oss.
– Det skal vere rette tida no ...
Ingen ting skjer. Vi drikk kaffi og varmar oss rundt bålet. Eg stirer mot åskammen, og gløtter av og til bort på karane som har overbevist meg om at eg skal sitje stille – så skal det skje noko ...
Men ingen ting skjer. Klokka halv ti stilnar vinden. Sola fargar himmelen djup raud over Gossen. Ein dryg time seinare går ho ned i havet bak Bjørnsund.
– Det er som ei andakt for meg når sola går ned i havet, seier Leif.
Eg nikkar andaktsfylt, men blikket søkjer igjen mot horisonten. Kva er det? Ein stein! Men der? Nei, det er den same furubusken som narra meg tidlegare i kveld. Skal det ikkje skje noko snart?
Det varme kveldslyset blir avløyst av eit bleikare nattlys. No er det ein time til midnatt. Eg sit her. Eg er stille. Eg har opne sansar ... No fortener eg snart å få valuta for innsatsen. Kva med litt action!
Orreleik. Leif og Per Jarle løftar kikkertane og granskar horisonten endå ein gong. Klokka er 23.15.
Då skjer det.
– Høyr! No bles han to gonger. Og der er han i gang med spelet, kviskrar Leif.
No ser vi den første orrhanen. Han har slått seg ned på ein varde og er i full gang med sin ekstatiske gurglande, boblande nattlyd.
Snart kjem ein orrhane til. Han slår seg ned i ein tretopp. Så ein til på ein fjellknaus like ved den første. Til saman fyller dei vårnatta med lyd og stemning.
– Eg må høyre orrhanen kva einaste vår. Får eg ikkje det, kjem eg ikkje til å leve ut året. Det er eg heilt sikker på, kjem det stilt frå Leif.
Finn ditt eige rike! Per Jarle og Leif har opplevd mange orreleikar. Nokre gonger i kamuflasje få meter frå dei ekstatiske orrhanane, men oftast nøyer dei seg med å oppleve eventyret på avstand, slik som i kveld.
– Eg gløymer ikkje ein kveld eg sat her og såg og høyrde på orrhanane der borte. Brått så eg ein hjort mot horisonten. Han gjekk heilt inntil ein orrhane og snuste på han, men spelet helt fram og hjorten rusla bort, seier Leif.
Vi har opplevd ei natt i Leif Monsens rike, men du må ikkje gå i våre fotspor for å oppleve det same. Gå ut ein kveld, ei natt eller tidleg ein morgon. Sitt ned. Ver stille. Lytt. Sjå. Då har du di eiga kortreist oppleving i ditt eige rike.
