Stordal

 

– Velkomen inn, seier tilsynsmann Kristian Almås. Han er ferdig med ein hektisk sommarsesong der 70 turistbussar og til saman godt over 3600 turistar har stoppa opp ved Stordal bygdetur for å oppleve Rosekyrkja. Vi kjem utanom sesongen og får omvisaren heilt for oss sjølv.

Overveldande. Førsteinntrykket er overveldande. Min første assosiasjon er det sjokket vi nordmenn får når vi kjem inn i katolske eller gresk-ortodokse kyrkjer. Her i Stordal er det ikkje gull, silke, ikonar og glitrande pynt. Men her er målarkunst! I store mengder. Kunstnaren har utfalda seg på alle flater. Taket,  veggene, søylene, preikestolen. Alt er dekorert.

– Målaren kom frå Hallingdal og heitte Webjørn Hamarsbøen og han hadde med seg hjelpesmannen Andreas Reinholdt. Kyrkja stod ferdig i 1789. Ti år seinare vart dei innvendige målingsarbeida utført, seier Kristian Almås.

Rosemåling. Rosemålinga er i 1700-tals renessansestil. Det vil seie eit tidleg stadium for rosemåling, som hadde si glanstid på midten av 1800-talet. Vi ser ranker, drueklasar og roser  i  solgul og himmelblå farge.  Lengst nede på veggene er dekorasjonane  haldne i gråtoner, svart og kvitt, og minner om tekstilar. Men Rosekyrkja har også mange figurative innslag med bibelske motiv.

– Der ser vi dei fem kloke og dei fem ukloke jomfruene frå ei av Jesus’ likningar, seier Kristian Almås og peikar på veggen over preikestolen.

Bibelsoge. Eg lar blikket gli langs veggen høgt oppe under taket, og minnest timane med «Bibelsoge» på gamle Rekdal skule: Sjå der er Samson som «sønderriver løven», og der vesle David klar til kamp mot kjempestore Goliat. På den andre sida står dei tolv læresveinane (apostlane). Judas er målingssliten og så vidt synleg. Kan det vere at kyrkjegjengarane har «tatt hemn» og prøvd å viske ut svikaren?

– Nei, det er nok eit resultat av at kyrkjegjengarar gjennom mange år har stått så tett at dei har kome borti veggen og dermed slite bort målinga, seier Kristian Almås.

Frå 1200-talet. Rosekyrkja stod ferdig i 1789 og erstatta ei stavkyrkje frå 1200-talet, som vart riven for å gje plass til nykyrkja. Noko av inventaret og materialane er frå den gamle stavkyrkja. Det gjeld først og fremst eit krusifiks som framstiller Jesus på korset med krone.  Foten til preikestolen, taket i våpenhuset og deler av kyrkjebenkene er også frå den gamle stavkyrkja. Altertavla er datert til 1600-talet.

Stordal bygdetun. Det er Fortidsminneforeninga som står som eigar av Rosekyrkja. Ho er ein del av Stordal bygdetun saman med Prestestova, Løsetstova og eit stabbur.

Kyrkja er open for turistar i sommarsesongen, men også på bestilling for grupper elles i året. 17. mai og Olsok blir Rosekyrkja brukt til kyrkjelege handlingar. Rosekyrkja er også i bruk til fleire kulturarrangement.

 Sjå nettstaden www.kyrkjehola.no for meir informasjon.