Ørsta
Ivar Aasen flytta heimanfrå da han var 18 år gamal, og starta som ungdomsskulelærar i Ørsta. To år etter gjekk ferda til ytre Sunnmøre, kor han gjekk i lære hos prost Thoresen. Her lærde han å dikte. Unge Aasen vart så dyktig at prosten ville spandere utdanning på han. Bondesonen Ivar Aasen takka nei til tilbodet. Han ville ikkje bryte ut av sin stand.
I staden drog han vidare til Ålesund 27 år gamal, kor han jobba som huslærar. Den store lidenskapen hans var grammatikk, og den største interesse botanikk.
Språkreisene
29 år gamal drog han på si fyrste store språkreise. Den skulle ta fire år, og gjekk over heile Norge frå Tromsø i nord til Mandal i sør. Aasen var på leiting etter det norske språk. Han samla på ord og dialektar, og alt vart skreve ned i notata hans. Ivar Aasen reiste mykje i åra 1842- 1868.
Aasen fann nær slektskap mellom fleire dialektar og norrønt.
I 1847 slo han seg ned i Kristiania, kor han budde i 50 år. Han levde under nøkterne kår, og i 1848 gav han ut sin fyrste diktsamling. Han vart i Kristiania, og levde eit einsamt liv. Dikta og songane hans bar preg av at han sakna ein å dele livet med - av dei få kvinnene han hadde møtt på sin veg. Aasen var ofte å sjå på teater og cafe, og var en urban person for sin tid. Store verk som Norsk Gramatik (1864) og Norsk Ordbog (1873) står seg framleis den dag i dag som solide oppslagsverk for skriftspråket nynorsk - som Ivar Aasen forma som ein sum av alle dialektar han samla inn på reisene sine.
Forsakinga for språket
Prost Thoresen hadde fortalt han at familielivet og kjærleiken ikkje kunne kome i vegen for dei store evnene hans. Dermed valde Ivar Aasen å forsake alt anna, i sin iver etter å utvikle eit nytt språk. Det er kanskje hovudårsaka til at han lykkast i å samle manga dialektar til eit språk - nynorsken. Han starta med arbeidet 22 år gamal, og via resten av sitt liv til det nye språket. Ivar Aasen var språkforskaren og diktaren som endra norsk historie.
Systematikaren
Ivar Aasen leste mange bøker, og skreiv kvar dag av sitt vaksne liv. Han hadde system og lister for alt han gjorde. Han kunne skrive notata sine på alt mogleg. Dette kan ein sjå på Ivar Aasen-tunet. Her er dei fleste av dei 2500 bøkene hans utstilt saman med dei eigendelane han hadde da han døydde. Her finn ein også lister over alt frå innhaldet i reisekofferten hans før den fyrste språkreisa til rekneskap over trostefangsten hans i ung alder. Ein kan også sjå tobakkspapir med skriveria hans liggjande på det skrivebordet han skreiv mange av sine store verk i tida han budde i Kristiania.
Inne og ute
Ein vitjing på Ivar Aasen-tunet startar med ein filmsnutt om Ivar Aasen sitt liv. Dokumentaren er laga av Oddgeir Bruaset. Deretter kjem ei omvising ute på sjølve tunet. Her kan ein sjå Stabburet frå 1700-talet eller dei to fyrste Ivar Aasen-musea.
Det fyrste kom i 1898, og var det fyrste personmuseet i Norge. Historiene fortel om over 4000 menneske under opninga, og at det norske flagget svaia til topps - trass i unionen med Sverige.
Det andre museet opna i «Steinhuset» i 1946, og står bak utescena på Tunet. Dei Nynorske festspela blir arrangert kvart år i slutten av juli. Då nyttast utescena til konsertar og framsyningar kvar kveld, men også elles i sommarsesongen er det utearrangement på tunet.
Noko for borna
I hovudbygningen finn ein kafeen med smakfull heimelaga mat. Tunkatta Lurivar formidlar språket og lærdommen på barnas premissar. Tunkatta har eigen hems, og ter i mot born til ein lærerik og spennande stund med ordleik, teikning og anna som barn synest er morosamt, medan mor og far kan nyte den flotte utstillinga av Ivar Aasen sitt liv og den nynorske historie og kultur.
Her finn ein også suvenirbutikken som inneheld alt frå eksklusive gåveartiklar som Ivar Aasen-trusa til eit breitt utval av aktuelle bøker og skrifter.
