Flø
Mange sunnmøringar er glade i å stikke til fjells når vêret er så godt som det var sist sundag. Men der finst andre alternativ.
Om du vil leggje lista litt lågare, er ikkje ein tur til Flø noko dårleg val. Her finn du flott natur, historie, kultur, og høve til leik.
Lett å ta seg fram
Utgangspunktet for turen var ein vilter toåring som treng å springe av seg litt med to foreldre som ikkje er tur-vande, som har eit mål om gjennomføre ein overkomeleg sundagstur.
Me parkerte ved vassverket på Ytreflø og gjekk utover Gotene. Vegen er fin og flat å gå på. Her kan ein trille barnevogn, ta seg fram i rullestol, sykle eller gå i dei skoa ein vil.
Gotene
På vassverket heng det eit infoskilt som Ulstein historielag har fått opp i lag med Ulstein kommune og Møre og Romsdal fylke. Der kan me lese at på den vel 1 kilometer lange vegen frå tuna og utover Gotene på Ytreflø ligg det ni røyser på strandflata. Røysene er frå eldre bronsealder og delar av jarnalderen. Stonghaugen er den første gravrøysa du møter. Ho er òg den største, 23 meter i tverrmål og fire meter høg. I tilknyting til røysa vart det funne eit skiferhengesmykke. Dette peikar mot at Stonghaugen kan vere mellom dei aller eldste bronsealderrøysene våre (1700 til 1100 f.Kr), kan me lese på infoskiltet.
Gravrøysene er freda, det er ikkje lov til å flytte på stein eller gjere noko anna som kan øydeleggje eller skjemme dei.
På vegen utover Gotene er det sommarfjøs og ein kan møte på dyr som er ute og beitar. Turgåarar blir oppmoda om å ikkje trakke i graset i vekstsesongen eller gå inn til beitande dyr.
Der landbruksvegen stoggar, kan ein følgje ei rås og gå ein kilometer vidare utetter. Då kjem ein til Børabakkjen og kan sjå fleire gravrøyser.
Veninnegjeng frå Ålesund
Medan me går utover til Hogsteinen, i det flotte landskapet metta med historiske røter, møter me fire sommarkledde ungjenter frå Ålesund. Fleire av dei har høge hælar.
– Her er utruleg fint, utbryt Isabel H. Rønneberg.
Ingeborg Haddal har besteforeldre på Hareid og har vore på Flø tidlegare, men veninnene hennar er på Flø for første gong. Dei fortel ivrig at dei òg har vore og sett på den rosa traktoren.
To turbøker
På vegen utover til Hogsteinen er det heile to bøker ein kan skrive seg inn i, så omverda kan sjå at ein har vore på tur.
Ved den eine turboka står det ein benk der me slår oss ned og et nista vår. Utsynet utover havet er fantastisk flott. Det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor folk dreg ut hit. Sjølv om
Ytreflø er eit ynda turmål får ein ikkje kjensla av å gå i kø utover Gotene.
Nærare Hogsteinen møter me familien Kvalsvik Larsen.
Martha Kvalsvik og Eldar Larsen bur i Sykkylven med borna Nikoline og Heine. Denne godversdagen er dei på besøk med foreldra til Martha, Tone Grimstad Kvalsvik og Arne Kvalsvik i Ulsteinvik. Dei har vore på tur til “Storesteinen”, no skal dei til Roppesanden og leite etter krabbe.
Dei har med seg bøtter og spadar til å byggje sandslott.
Etter turen utover Gotene, køyrer me til den nedlagde skulen i bygda. Her får toåringen boltre seg på den flotte leikeplassen.
Der er reiestativ, sjørøvarskip, sandkasse og mykje anna moro. Her står òg benker og bord som ein kan slå seg ned ved.
Kunst og mote
I den nedlagde skulebygningen har det kome kunstgalleri og utsal av klede for Moods of Norway. Galleriet og butikken har sundagsope. Og den rosa traktoren utanfor, Rosatassen, har raskt blitt som eit landemerke på Flø.
Sarah Hatlebakk, dagleg leiar på Moods of Norway på Flø, fortel at det har vore mykje folk innom denne helga.
Konfirmasjonane gjer at det er mykje tilreisande til Hareidlandet, og dei tek turen til Flø.
For tida er det måleria til Nicolay Aamodt som heng på Studio Hugo Opdal.
Avslutt gjerne utflukta med ein is på Flø Feriesenter.
God tur!