Mulevika

 

I Mulevika får du eit møte mellom himmel og hav. Sitjande på rullesteinane skimtar du i synsranda Svinøy fyr som eit soria mora-slott i lufta. Og nær deg dryn bårene mot rullesteinstranda, slik dei har gjort i uendelege tider.

I dagar utan storm og nedbør er Mulevika eit mekka for småbarnsfamiliar.

Ein søndagstur til fjells er flott, men ein tur i sjøkanten kan vere minst like bra.

Etter å ha sanka saman rekved til eit bål, kan borna gå på skattejakt og finne saker som båra har

slengt i land. Livbøyer, rusta jernskrap, ein sliten sko, ei dokke eller ei panne.

Du kan finne alt i Mulevika. I barneåra fann Atle Kvalsvik og ein kamerat 40 pennar. Ein annan gong merkelappen på ein hai, merka på langt sørlegare breiddegrader.

Medan dei vaksne kavar med å få fyr på bålet – kan borna – og vaksne også – kanskje lage figurar av saker som har reke i land. På moderne språk heiter det “land art”. Er der kreative personar med på laget, kan det bli skikkeleg artig.

Å samle store og små rundt bålet, passe på at pølsene blir berre sånn passeleg svidde, gir forventning om samhald rundt eit måltid. Og snart er kanskje kaffien også klar. Har du då ei boks kaker på lur, kan turgjengen lene ryggen mot rullesteinar eller ilanddrivne stolpar og berre nyte livet.

For 3–4 år sidan dreiv eit kvalkadaver i land i Mulevika. Mykje av beingrinda, med det digre bekkenpartiet ligg der enno. Ho blir mindre for kvart år, men kven veit, ein dag deisar det kanskje eit nytt kvalkadaver inn på rullesteinfjøra.

Slik dei med ujamne mellomrom har gjort i uminnelege tider.

Når du står på parkeringsplassen ytst i Kvalsvik, ser du Mulevika breie seg ut om lag 60 meter nede ved sjøen. Eit stålgjerde deler terrenget i to. Nedanfor parkeringsplassen, litt til høgre, kan du finne ei rås som går ned til den delen av Mulevika som blir kalla Trosvika. Det er der beingrinda etter kvalen ligg i dag. Til venstre for parkeringsplassen er ei grind i gjerdet. Der går råsa til sandstranda og Vollane. Men sandstranda er ikkje permanent. Vinter og vår dreg båra sanden ut i havet og skyl taren inn på land. Om sommaren er det ofte motsett. Er du heldig, kan du finne ei fin badestrand.

Særeigne steingardar

Frå Fosnavåg til parkeringsplassen i Kvalsund er det 7,3 km. Vegen ut er smal og full av svingar. Du har berget på eine sida, og havet på den andre. Turen byr på mange idyllar. Du skal mellom anna over den smale Nerlandsøybrua på 405 meter. Utsynet frå toppen er vidt og vått. Komen vidare er det vanskeleg å ikkje bli imponert over steingardane som buktar seg i Kvalsviklandskapet. Opplagde med handmakt og sterkoder (steinbukk) av generasjonar før oss som såg framtid i å bryte opp jord.

Alternativ tur: Muletua

Komne endå litt lenger ut, kan du til høgre sjå eit skilt der det står “Muletua”.

Vil du heller på fjelltur, kan du gå dit. Der er flott utsikt, og ein torvsjå.

Om du vel fjell eller hav, på returen kjem du inn om Fosnavåg sentrum.

Frisk luft kan gjere folk svoltne, og på Restaurant Fosnavåg Brygge er det ope kvar dag. Spesialiteten er fiskesuppe og gratinert klippfisk.